<


BUBBA


Å bli foreldre er ein av dei største omveltningane folk opplever i livet. Det kan til og med tenkast at det å vidareføre livet, er sjølve meininga med livet. Nokon dans på roser er det definitivt ikkje, men heller ei berg- og dalbane av følelsar i rask suksesjon. Keisemd og skrekk, euforisk glede og vill frustrasjon kjem som perler på ei snor.
Men nok flosklar. "Bubba" er ein liten fyr som elskar å: bakse rundt på leikeplassen i all slags vær, sjå på tv, leike med bilar og kose med Ole Brumm-rangla "Bomma" eller tøyrotta "Mus". Sistnevnte bestemte seg for øvrig å ta ein uannonsert ferie, til djup fortvilelse for både foreldre og hovudperson. Dei som såg barne-tv på 80-talet hugsar nok godt strabasane til foreldra i serien "Rädda Joppe!". Heldigvis dukka han opp ein vakker dag, sitjande på postkassa, full i rusk og rask, og våt som ei -ja- rotte. Eit par runder i vaskemaskina og den var god som gammal.

Dette er historia om Bubba frå han kom heim frå sjukehuset i bjørnedrakt, via diverse amerikareiser, fram til andre sommaren då bestekosen kom att.

>


FOTOJOURNALIST BENT ARE IVERSEN

START / INFO / KONTAKT / ENGLISH