<


Indianarane i nordstjernelandet

Ojibwestammen i Minnesota i USA er ikkje den største indianarstammen i landet, men heller ikkje den minste. Leech Lake-reservatet er eit av dei minste reservata, der det ligg spreidd her og der rundt innsjøen med same namn. Dette er historia om ein identitet som held på å forsvinne i lag med indianarane sjølve. Færre og færre har reint indianarblod, snakkar språket eller kan kunsten å lage mokasinar. Verdifull informasjon går tapt med kvar eldste som reiser til dei evige jaktmarkar. Det finst fleire skjær i sjøen - alkoholisme og ruskriminalitet er svært utbreidd sjølv om det etter måla er høvesvis lite valdskriminalitet. Diabetes er ekstremt utbreidd, så mange som ein tredjedel av heile stammen lir av varierande gradar av diabetes. Elles i landet ligg denne andelen på godt under ein tidel. Likevel er det ein gryande vilje og stoltheit blant stammemedlemmane, og spesielt den oppvaksande generasjon har oppdaga identiteten som ligg i dei gamle tradisjonane. Pow Wow - dansefestivalar med suggererande trommespeling - er svært populære og sosiale hendingar der indianarane kjem både frå fjern og nær. Der kan dei drøyme seg tilbake til gamle gullaldrar og dele erfaringar med kvarandre.

I periden 2005-2006 vitja eg Leech Lake-reservatet fleire gonger og fekk være med på både oppturar og nedturar. Desse bileta er tekne frå denne serien.

>


FOTOJOURNALIST BENT ARE IVERSEN

START / INFO / KONTAKT / ENGLISH